Frå kolgrop til robot:
Forteljarvandringa "Frå kolgrop til robot" tek publikum med gjennom den nedlagde fabrikken til Øyo og blir avslutta i fabrikkutsalet og den nye Geilosmiu. I "Frå kolgrop til robot" møter publikum fleire figurar som gjennom historia har vore knytta til jernindustrien på Geilo; fabrikkarbeidaren, direktøren, læreguten og slåttekaren som har steinhogd, og kjem for å klage på ljåen. Pål Knutson Medhus har dei aller fleste rollene. I tillegg er Ola Øyo med som smed og "fast inventar".

I smia:
Læreguten har funne eit emne til smeden, men han pratar seg bort. Han fortel ivrig om jernvinnetida i Ustedalen.

På knivsalen:
Årstalet er 1980 og publikum møter den eine fabrikkarbeidaren som er att på knivsalen. Den gongen fabrikken produserte bestikk, arbeidde 40 mann med bestikkproduksjon.

Fabrikkeigaren:
Publikum møter fabrikkeigaren anno 1960. Han er stolt av fabrikken og produksjonen. Han fortel om nye produkt og moderne produksjonsutstyr.

Gamlefabrikken:
Ein slåttekar anno 1950, kjem for å klaga på arbeidet. Ljåen knakk då han råkte ein stein. Slåttekaren likar å danse og er glad i å synge.

Matrommet:
På matrommet i fabrikken får publikum servert kaffe.

Roboten:
Publikum blir med guiden inn i den nye fabrikken og får sjå korleis økse-roboten arbeider. Turen blir avslutta i fabrikkutsalet. Grupper, inntil 30 personar, kan tinge og avslutte forteljarvandringa med lunsj/middag på matrommet.
BOOKING: HØVE STØTT AS
Tlf: 97 53 43 33 • Skjermbrev: post@geilosmiu.no
www.geilosmiu.nowww.kulturstreif.no

Du er nummer 4669 som besøker denne siden.
Web er laget av: mosArt.no.