|
|
|
Jernvinne:
Norsk jernalder starta omlag 500 før Kristi fødsel. Etterkvart lærte folk å lage jern av myrmalm og Hallingdal har fleire område med rike funn etter jernvinne. Frå omlag 200 etter Kristus og fram til svartedauden i 1349 var det stor jernvinneaktivitet på blesterplassan i Hallingdal. På myrane i fjellskogbeltet, like under torva, fann dei den brune, grusaktige myrmalmen. I blesteromnar bygd opp av steinheller og leire, vart malmen omdanna til jern. Jernet var ei viktig handelsvare i byte med korn, salt og andre varer
Ljåsmeden::
Midt på 1800-talet lærte smedar frå Hol moderne ljåproduksjon i Telemark. Rundt 1890 kom den fyrste maskinhamaren frå Amerika og gjorde arbeidet enklare. Læretida for ein ljåsmed var 4 år, men yrket var så krevjande at mykje måtte den enkelte finne ut sjølv. Å smi ein god ljå var stor kunst og smedane held difor eigen framgangsmåte løynd for konkurrentane. Ein ljåsmed fekk sjeldan sjå på når ein annan ljåsmed smidde. Ljåsmiinga var i stadig utvikling. "Industrispionasje" var ein naturleg del av denne kappestriden om å lage dei beste produkta.
Fabrikkproduksjon::
På 120 år vart det av over 80 ljåsmedar smidd kring seks millionar ljå i Hol. Mellom 1950 og 1960 overtok motoriserte slåmaskiner grashaustinga og gjorde ljåen overflødig. Dei gamle gardssmiene vart etterkvart borte, men i fabrikkane på Geilo vart øks og kniv nye kjerneprodukt. Både OL- og VM-knivar er produserte på Geilo.
|
|
|