Navn: Roboten Laura
Alder: 3 ½ år
Jobb: Økseslipar
Sivil status:  Einaste i verda

Ein dag sat Bjørn på Øyo og tenkte. Han ville finne ut korleis ein kunne forenkle produskjonen av øks. Det meste av tida gjekk med til å flytte på stål. Effektiviteten var heller skral. Bjørn tok blyanten og teikna ein robot.

Nokre dagar seinare kom det ein kar i frå SINTEF innom på Øyo. Han viste stor interesse for skissa av roboten til Bjørn. SINTEF må ta sitt ansvar for svangerskapet og snart vart det fødd ein robot. Mutlikraft i Oslo fekk i oppgåve å oppdra roboten. Multikraft kunne ingen ting om sliping tå øks. Slipinga vart difor videofilma. Opptaka viste korleis fabrikkarbeidarane på Øyo gjorde jobben. Så vart dette programmert inn i hjernen på roboten.

Roboten er ein 6-aksers krabat. I utgangspunktet ein standar robot frå ABB. Forskjellen er at roboten på Øyo gjer oppgåver andre robotar berre drøymer om...

På Øyo har roboten lært alt det han kan. Hans Ola har overtatt ansvaret for oppdragelsen. Og pappa Bjørn kjem stadig med nye oppdrag til roboten sin. Brødrene Øyo har vore, og er framleis, ei pionerbedrift innen faget og teknikken.

Tilbake
BOOKING: HØVE STØTT AS
Tlf: 32 09 14 10 • Skjermbrev: post@hovestott.no
www.geilosmiu.nowww.kulturstreif.no

Du er nummer 3397 som besøker denne siden.